tirsdag 15. mars 2011

Gratis kurs for foreldre i Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal

Lokallaget ønsker å gjøre deg oppmerksom på denne invitasjonen fra Lærings- og meistringssenteret:

Mange foreldre er fortvila når dei får mistanke om eller forstår at ungdommen brukar ulike rusmiddel.
Dei kan kjenne maktesløyse, frustrasjon og kjenne seg veldig åleine.
Samtidig har mange ein høg terskel for å søke hjelp. Bli med på dette kurset og møt andre i same situasjon som deg, og få støtte og hjelp til å sjå utvegar og løysingar.

Du er ikkje åleine!

Tema:
Pårørande sine utfordringar
når ungdommen i huset får rusproblem.

Påmelding innen 28.mars, oppstart 14.april
(sjå info lengre nede)

Dette kurset er eit samarbeid mellom SLT-koordinator og
Kommunale tenester Etne og Vindafjord, Politiet,
Lærings- og meistringssenteret i Klinikk for psykisk
helsevern Helse Fonna, Mental Helse.


Målgruppe: Foreldre og føresette til unge med rusproblem
 i Vindafjord og Etne, Suldal og Sauda

Kurset blir ein kombinasjon av informasjon,  samtale og erfaringsutveksling.

Førebels er desse tema sett opp:
• Kva skal me sjå etter? Teikn og symptom
• Kor kan me søke hjelp? Tenesteapparatet
• Kva med kjenslene våre - frustrasjon, dårleg
samvit, sinne, sorg?
• Korleis kan me snakke saman og ta vare på det
gode?
Kursdeltakarane kan i tillegg sjølve foreslå tema dei ønskjer å ta opp.

Kven?
Kurset er eit tilbod til foreldre og føresette til unge med rusproblem. Dei som står nærast møter
utfordringar både i den praktiske kvardagen og i høve til tankar, kjensler og draumar når ein ungdom
i familien strevar med rusproblem. Pårørande har eigne behov for støtte og hjelp, men dei er også ofte ein viktig ressurs for den som strevar.

Dette tilbodet har som mål å gi auka meistring for dei pårørande.
Kurset blir leia av to fagpersonar, og har med erfarne pårørande som vil dela av sine erfaringar. I
tillegg bidrar andre fagpersonar med informasjon på nokre av samlingane.

Kurset er eit samarbeid mellom SLT-koordinator og
Kommunale tenester Etne og Vindafjord, Politiet,
Lærings- og meistringssenteret i Klinikk for psykisk
helsevern Helse Fonna, Mental Helse.

Meir informasjon og påmelding :
(- du kan be om meir informasjon utan å seie kven du er)
SLT-koordinator Pål Gjil, tlf.936 96 753
Kari Vik Stuhaug, Lærings- og meistringssenteret,
Klinikk for psykisk helsevern, tlf. 970 28 166, e-post:
LMS.psykiatri@helse-fonna.no
Påmelding innan: 28.mars

Fakta kurs
Tid: torsdag 14. april, onsdag 11. mai, tysdag 7. juni, onsdag 24. august, onsdag 21. september 2011         kl. 17.30 – 19.30
Stad: Sanitetslokalet ved Sandeid skule
Pris: Kurset er gratis


Merk også: Smerten og håpet
Temadag om å vere pårørande ved rusproblem. Særleg fokus på erfaringskompetanse, parforhold og farsrolla.
Tirsdag 10. mai kl. 10 – 15 Gamle Slakthuset, Haugesund. Pris kr 300. Arr: Veiledningssenteret for pårørande, NKS, tlf. 52717880

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar